Eldrid, Elisabeth, Olaug og Signe tipsar om gode bøker dei har lese.
Bøkene er godt eigna for den som ynskjer å setje i gang med lesing, men også for den erfarne lesaren.
Kjappe omtalar og stor spennvidde i utvalet.
Ta med ein ven - eller kom aleine og møt nye.
Vi serverer ein svært enkel trerettar. Bli med på kalas! Gratis.
-FORRETTAR -
Bøker som skal pirre nysgjerrigheita di for å gjere deg svolten på lesing.
-HOVUDRETTAR -
Skikkeleg gode bøker som krev litt meir tid, men som framleis er tilgjengelege for dei fleste.
-DESSERTAR -
Bøker som gjev umiddelbar leseglede, og som fungerer som ei belønning i kvardagen.